Avsluttar leitinga etter Per- Arne

Politiet har heller ikkje i dag funne spor etter sakna Per- Arne Hestenes(35) frå Hestenesøyra i Gloppen.
Framleis utan spor
Hestenes har vore sakna sidan han hamna i ei trafikkulykke ved Øvresetkrysset på Breim natt til 8. november.
I går og i dag har eit politihelikopter søkt etter 35- åringen, men utan spor.
Les også: Set inn helikopter i søket etter Per-Arne og Mora: Uvanleg at han ikkje gir livsteikn frå seg
– Leitinga var resultatlaus også i dag. Skal det leitast noko meir no så må det vere på bakgrunn av konkrete spor, seier lensmann i Gloppen, Nils Ove Roset til NRK Sogn og Fjordane.
- Leita alle naturlege stader
I tillegg til politihelikopteret, som har søkt ved Utvikfjellet og i ein større radius rundt ulykkesstaden ved Øvresetkrysset, har ei elveredningsgruppe leita gjennom Storeeleva.
Ifølgje lensmannen har dei leita gjennom alle stader der det er naturleg.
Les også: Kallar forsvinninga ei stor gåte
Politiet har tidlegare uttalt at saka er eit mysterium for dei.
Kommentarer til denne saken