Avsluttar leitinga etter Per- Arne

Artikkelen er over 5 år gammel
DEL

Politiet har heller ikkje i dag funne spor etter sakna Per- Arne Hestenes(35) frå Hestenesøyra i Gloppen.

Framleis utan spor

Hestenes har vore sakna sidan han hamna i ei trafikkulykke ved Øvresetkrysset på Breim natt til 8. november. 

I går og i dag har eit politihelikopter søkt etter 35- åringen, men utan spor. 

Les også:  Set inn helikopter i søket etter Per-Arne og   Mora: Uvanleg at han ikkje gir livsteikn frå seg

– Leitinga var resultatlaus også i dag. Skal det leitast noko meir no så må det vere på bakgrunn av konkrete spor, seier lensmann i Gloppen, Nils Ove Roset til NRK Sogn og Fjordane. 

- Leita alle naturlege stader

I tillegg til politihelikopteret, som har søkt ved Utvikfjellet og i ein større radius rundt ulykkesstaden ved Øvresetkrysset, har ei elveredningsgruppe leita gjennom Storeeleva. 

Ifølgje lensmannen har dei leita gjennom alle stader der det er naturleg.

Les også: Kallar forsvinninga ei stor gåte

Politiet har tidlegare uttalt at saka er eit mysterium for dei.