Statens vegvesen kontrollerte torsdag personbilar i kontrollar på Byrkjelo og Sandane. Det var ein kontroll som kombinerte bilbelte og automatisk skiltgjenkjenning.
Ein førar vart politimeld for å ha usikra barn i bilen. To bilførarar og ein passasjer fekk gebyr for ikkje å ha brukt bilbelte.
Verst gjekk det for tre køyretøy som ikkje hadde gjennomført EU-kontroll, eller Periodisk køyretøykontroll som det formelt heiter. Dei vart avskilta på staden.