Avlyser Tinestafetten

IKKJE I ÅR: Bilde av lærarlaget ved Hyllestad skule, som vann Tinestafetten 8. mai. I år blir arrangementet avlyst.

IKKJE I ÅR: Bilde av lærarlaget ved Hyllestad skule, som vann Tinestafetten 8. mai. I år blir arrangementet avlyst. Foto:

Staffeten for unge den 12. mai er avlyst for å avgrense korona-smitte.

DEL

Det skriv Tine i ei pressemelding.

Over 110.000 born deltar årleg på Tinestafetten, som blir arrangert i skuletida og har over 300 arrangement i heile landet.

Sponsorsjef Ann-Kristin Syversen i Tine, fortel at avgjersla sat langt inne, men var det einaste riktige. Ho forstår at mange er skuffa.

– Det er mykje som er usikkert i denne situasjonen, samtidig veit vi at ting vil gå tilbake til normalt etter kvart. Då vil eldsjeler i heile idretts-Norge stå klare til å bidra til at over 110.00 born får sprunge Tinestafetten igjen i 2021, seier Syversen.

Tine sin fotballskule på sommaren blir også avlyst, men der blir fotballskule-arrangørane oppfordra til å finne alternative datoar frå august.

– Vi har i samråd med Norges Fotballforbund avlyst fotballskulane som skulle vore arrangert i mai. Vidare oppfordrar vi no alle arrangørar å flytte fotballskulen som skulle vore i juni og juli til august eller utover hausten.

Artikkeltags