Gå til sidens hovedinnhold

Avlyser Glopperock

No er det bestemt at det ikkje blir festival på Sandane i år.

– Vi hadde gleda oss lenge og vel til festivalen i «Jølet», men no har vi bestemt at det ikkje vert gjennomført noko Glopperockfestival i juni på Sandane i 2021.

Det melder styret i Gloppen Musikkforum, som er arrangør av Glopperock, i ei pressemelding fredag.

Med koronarestriksjonar, faste seter og fare for smittespreiing har styret landa på å utsetje festivalen til 2022 – då dei håpar å sleppe å stelle seg til slikt.

Festivalstyret opplyser at fleire av artistane som skulle delteke på årets festival, skal spele på neste års festival i staden. I tillegg kjem det nye artistar.

Alle billettane bli automatisk overført til 2022-festivalen.

– Vi takkar så mykje for tolmodet, skriv styret.

Bildeserie

FRÅ ARKIVET: Sjå bilda frå Glopperock på 80-, 90- og 00-talet

Les også

Avlyser Malakoff. Arnt-Ivar: – Publikum fortener at vi lager til noko likevel

Kommentarer til denne saken