Avlyser Førdefestivalen

DIREKTØREN: Per Idar Almås, direktør for Førdefestivalen under fjorårets festival.

DIREKTØREN: Per Idar Almås, direktør for Førdefestivalen under fjorårets festival. Foto:

Årets program blir utsett til 2021.

DEL

– Det er med svært tungt hjarte vi avlyser den 31. Førdefestivalen, men ut frå restriksjonar som er gjeldande fram til 1. september og smittevernreglar, er det ikkje råd for festivalen å gjennomføre dei planlagde arrangementa i juli.

Det seier Arne Osland, styreleiar for festivalen, i ei pressemelding. Styret tok avgjerda med å avlyse festivalen denne torsdagen.

– Ikkje noko anna alternativ

Festivalen skulle eigentleg gått av stabelen 1. til 5. juli. Leiinga i Førdefestivalen har bestemt at heile 2020-programmet blir utsett til 2021.

Alle artistane som stod på årets plakat har fått tilbod om å spele neste år i staden. Festivaldirektør Per Idar Almås håpar dei fleste vil takke ja.

– Vi er i ein heilt uverkeleg situasjon, og for ein internasjonal festival som Førdefestivalen, med artistar frå 29 ulike land og arrangement som samlar rundt 25.000 publikummarar, finst det ikkje noko anna alternativ enn å avlyse, seier Almås.

Han skildrar ei laber stemning, men fatta stemning i festivalstaben då Firda ringer.

– Vi synest jo det er veldig leit. Vi har jo jobba med dette sidan tidleg i haust, og hadde ikkje sett for oss at det skulle ende som dette for eit par månadar sidan. Vi er lei oss, men fatta. Vi skjønnar sjølvsagt at det er slik det må vere.

Gir rom for planlegging

Framover er planen å gjere unna alt det praktiske rundt kanselleringa. Deretter skal festivalstaben begynne å sjå framover.

– Dette gir oss jo ei moglegheit til å ligge i forkant og tenke prosjekt, både store og små, for 2021 og åra som kjem.

– Trur du mange av årets artistar vil takke ja til å spele neste år?

– Ja, førebels er tilbakemeldingane positive. Vi har prøvd å oppdatere dei på at dette kunne skje, og at dersom, ville vi vere interesserte i å flytte programmet til neste år.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken