Det skriv festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal i Malakoff tysdag ettermiddag.
I ei pressemelding opplyser han at slik situasjonen er med tanke på korona og gjenopning, vil det ikkje vere mogleg å gjennomføre ein fullverdig festival.
Folk som har kjøpt billettar får automatisk desse overført til neste sommars festival på Nordfjordeid, men kan også få tilbake pengane, opplyser han.
Men trass i at det ikkje blir festival i år, kjem dei likevel til å arrangere noko form for musikk-opplegg på Nordfjord i perioden 18.–24. juli–men festivalsjefen seier ikkje noko meir om kva.

Les også
Slik blir festivalsommaren

Bildeserie