Avlyser alle førarprøver fram til 17. april

STOPP: No kan ein ikkje ta førarprøva før 17. april, grunna smittevernreglane. BIldet syner trafikkstasjonen på Sanderplassen i Førde.

STOPP: No kan ein ikkje ta førarprøva før 17. april, grunna smittevernreglane. BIldet syner trafikkstasjonen på Sanderplassen i Førde. Foto:

Skulle du tatt lappen rett etter påske? Då må du finne deg i å vente.

DEL

Statens vegvesen avlyser nemleg alle førarprøver fram til og med 17. april.

Det kjem fram av ei pressemelding.

Ein oppstart av førarprøver vil bli vurdert ut frå gjeldande smittevernreglar over påske.

– Oppstart av førarprøver den 20. april vil på nytt bli vurdert av Statens vegvesen ut frå smittevernreglane som gjeld over påske. Nærare informasjon om oppstart av førarprøver vil bli gitt i veke 16, seier Henning Harsem, avdelingsdirektør i Statens vegvesen i pressemeldinga.

Artikkeltags