Skulebyråden i Oslo meiner det vil vere å forskjellsbehandle Oslo-elevane dersom ikkje regjeringa avlyser årets eksamenar. Avgjerda fell fredag morgon.

Regjeringa held pressekonferanse fredag klokka 9. Då vil kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap) fortelje kva som skjer med eksamensavviklinga i ungdomsskulen og vidaregåande skule.

Utdanningsdirektoratet har tilrådd regjeringa å avlyse skriftleg og munnleg eksamen i både grunnskule og vidaregåande skule denne våren.

Saka har sidan vore til diskusjon både i Kunnskapsdepartementet og i regjeringa.

To viktige ting

Då Utdanningsdirektoratet kom med si tilråding, sa Brenna til NTB at ho såg fleire dilemma i saka.

– Det er særleg to ting som er viktig der. Det eine er spørsmålet om korleis vi bruker tida og ressursane i skulen best mogleg ut dette skuleåret. Det andre er kva som opplevast som ein rimeleg måte å vurdere kompetansen til elevane på når smitteverntiltaka har vore så ulike i landet, sa kunnskapsministeren.

Brenna påpeika òg at gjennomføring av eksamen tek mykje kapasitet frå skulane.

– Regjeringa bør avlyse eksamen

Det er delte meiningar om kva statsråden bør gjere. Byråd for oppvekst og kunnskap i Oslo, Sunniva Holmås Eidsvoll (SV), er klar på at regjeringa bør avlyse eksamen.

– Når heile 86 prosent av elevane på vg3 i Oslo svarte at koronapandemien har påverka skulekvardagen deira negativt, så er det òg ein svært tydeleg bodskap til kunnskapsministeren om at årets eksamen bør avlysast, seier byråden.

Ho meiner noko anna enn avlysing vil vere å forskjellsbehandle Oslo-elevane som har hatt meir heimeskule enn elevar andre stader i landet.

Melby bekymra

Venstre-leiar Guri Melby er av ei anna oppfatning og åtvarar mot å avlyse årets eksamenar.

– Eg er bekymra for at fråfallet i høgare utdanning vil gå opp fordi mange studentar ikkje er godt nok førebudde, seier den førre kunnskapsministeren.

Melby er bekymra for følgja av at årets russ kan gå gjennom heile vidaregåande skule utan å ha hatt eksamen.

I fjor og året før vart alle skriftlege og munnlege eksamenar på vidaregåande skule og 10. klasse avlyst på grunn av koronapandemien. For tredje gong har Utdanningsdirektoratet altså landa på at det er rettast å avlyse.