Dataproblem som førte til full stopp i flytrafikken til og frå Norge er no løyst

FLY: All flytrafikk ut og inn frå Norge var stansa fredag morgon. Årsaka var at datanettverket som gir Avinor sine system informasjon om flygingar som skal trafikkere i norsk luftrom var nede.

DEL

No er problemet løyst. Trafikken går etter kvart som normalt, men det vil bli nokre forseinkingar utover dagen, skriv Avinor i ei pressemelding klokka 06.21.

Feilen låg utanfor Norge og førte til svært avgrensa kapasitet i flytrafikken. Alle avgangar og framkomstar vart stansa inntil vidare, skreiv Avinor i ei pressemelding fredag klokka 05.08.

Avinor ber passasjerar om å ta omsyn til denne informasjonen, i tillegg til informasjonen dei får frå sitt flyselskap.

Widerøe opplyser at flyet frå Førde til Bergen klokka 09.35 har berekna avgang klokka 10.05, og flyet frå Bergen-Florø til Førde klokka 09.20 er berekna å landa klokka 09.50.

Artikkeltags