Avinor stenger ni flyplassar

Av

Flyplassane på Sandane og i Førde blir stengde.

DEL

Saka blir oppdatert.

Avinor har vedteke å mellombels stengje ni kortbaneflyplassar frå og med onsdag 18. mars, melder dei på nettsida si. All kommersiell flyging blir avlyst, men beredskap for ambulansefly vil halde fram.

Ifølge Avinor gjer dei dette for å flytte personale, men også utstyr til andre lufthamner.

Det blir opplyst at alternativ lufthamn for Førde blir Florø og Sogndal, medan for Sandane blir det Ørsta/Volda eller Florø.

Desse flyplassane blir stengde for kommersiell trafikk:

Førde

Sandane

Vardø

Berlevåg

Sørkjosen

Stokmarknes

Svolvær

Mo i Rana

Mosjøen

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken