Gå til sidens hovedinnhold

Avinor: Juni-trafikken 45,5 prosent høgare enn i juni i fjor

Passasjertrafikken over lufthamnene til Avinor var 45,5 prosent høgare i juni enn i same månaden i 2020. Auken var størst på reiser til og frå utlandet.

På utanlandsreiser auka passasjertalet med 71,8 prosent, medan auken var 44,4 prosent innanlands, ifølgje Avinor.

Samanlikna med normalåret 2019 fall likevel talet på reiser med 70,7 prosent i juni.

Nedgangen er størst på utanlandsreiser med ein reduksjon i talet på reiser på 93,2 prosent samanlikna med 2019. På innanlandsreiser er nedgangen på 53,7 prosent.

(©NPK)

Kommentarer til denne saken