Magnus Stangeland: – Ei ekstrem påkjenning

FIN FORM: Magnus Stangeland føler seg i fin form etter den ekstreme natta på holmen.

FIN FORM: Magnus Stangeland føler seg i fin form etter den ekstreme natta på holmen. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

LANDET RUNDT: Syttisjuåringen overlevde ei iskald natt på ein holme utanfor Austevoll.

DEL

Den dramatiske natta ligg fleire døgn bak i tid for tidlegare stortingsrepresentant Magnus Stangeland.

Fredag ettermiddag tek han imot pressa på Haukeland sjukehus, der han framleis er pasient.

– Familien ville eigentleg ikkje at eg skulle gjere dette, men dersom folk kan lære noko av det som hende meg så ville eg stille opp, seier han.

– Det legane seier til meg er at eg har vore gjennom ei ekstrem påkjenning. Dei kallar det ei nærdrukningsulykke. Eit vanleg menneske ville ikkje klart dette. Men dei seier at eg er fysisk og psykisk sterk. Det som berga meg, var at eg klarte å vere roleg og rasjonell i hovudet då ulykka først var ute.

Stangeland forklarar at han glei på rekka då han skulle ta ned noko tau.

– Føtene datt under meg, seier han.

Det verste valet

Han prøvde å klamre seg fast, men det kom bølger mot han.

– Heile underkroppen kom under vatn. Eg hang etter båten med begge nevane, men båten er høg. Sjøstøvlane var tunge som bly. Eg visste at det var nokre trappetrinn i akterenden av båten, så eg prøvde å hale meg rundt. Propellen gjekk, så eg måtte vere forsiktig, seier han.

(Artikkelen held fram under bildet)

Magnus Stangeland

Magnus Stangeland Foto:

Samtidig var det ein god del bølger. Han kom seg rundt, men klarte ikkje å få tak i trappetrinna.

– Då måtte eg ta det verste valet eg har vore med på. Båten gjekk sakte ut frå land. Eg tenkte: Det er betre å sleppe for tidleg enn for seint. Eg måtte satse på at eg klarte å svømme til lands.

– Kor langt var du frå land då?

– Eg var 30–35 meter frå land. Men då eg slapp båten, merka eg at det var kraftig sjø og straum. Då måtte tenke fort: Skal eg sette kurs mot det nærmaste landet? Eller skal eg drive med straumen og vinden, og prøve og komme inn mot land 500 meter lengre nord?

Stangeland ende opp med det siste valet.

– Eg tok av meg jakke, gummistøvlar og alt. Eg hadde berre underbukse og ein ullgenser på.

La seg i vatnet som ei tømmerstokk

Han valde å ikkje ta på seg redningsvest for å kunne svømme betre.

– Eg måtte prøve å overleve.

Dermed la han ut på den livsfarlege svømmeturen nordover. Han fekk god bruk for svømmetreninga han har hatt gjennom årene.

– Det var havsjø. Då bryt det på toppane. Eg brukte ein annan slags svømmeteknikk eg har lært meg. Eg kallar det padlesvømming. Vinden og straumen tok kroppen, og eg padla mot land med armane. Eg låg på ryggen og padla framover. Det berga meg.

– Trudde du dette var slutten?

Stangeland blir emosjonell før han svarar:

– Eg tenkte at dette kunne vere slutten, seier han, og fortel at han var i ferd med å svime av i vatnet og begynte å hallusinere.

– Men då fekk eg også nokre uante krefter. Det verste var då eg kom heilt mot land. Då hadde eg ikkje krefter igjen og eg var nedkjølt. Eg la meg som ein tømmerstokk og let bølgene gjere jobben. Etter tre-fire bølger kom eg meg på land.

Sat i fosterstilling

Der vart han verande heile natta, sterkt nedkjølt.

– Det tok lang tid før eg fekk kreftene tilbake. Eg vart liggjande ei stund og kvile, før eg begynte å krype. Så kom eg meg opp på alle fire, og til slutt hadde eg krefter til å gå.

Han var i sjøen i til saman i ein time og ti minutt, og vart verande heile natta på den vesle holmen. Der fann han ly i ei kløft så han kunne tørke og få varme i kroppen. Heile natta sat han i fosterstilling for å halde varmen.

I mellomtida sat familien inkjeanande heime og trudde han hadde overnatta på Stolmen, ei øy i nærleiken. Først om morgonen oppdaga dei at han var borte, og melde han sakna.

Funnen av fiskar

Ein full redningsaksjon vart sett i gang, men det var ein fiskar som til slutt fann den pensjonerte politikaren.

– Eg hadde sett meg på eit nes så redningsmannskapa kunne sjå kvar eg var. Ein fiskar som eg kjenner godt, reiste ut der han trudde eg kunne vere, etter at han hadde funne båten. Han kom inn og hadde med ein varmedress. Då eg fekk den på, var det som å komme til himmelen.

Han vart send til Haukeland sjukehus i helikopter. Då var kroppstemperaturen hans 36 grader.

– Eg skalv som eit ospelauv. Og det var ikkje lett å korkje gå eller snakke klart. Men eg hadde ei sterk trong til å overleve, og her er eg.

Trass i strabasane i vatnet har han vore heldig. Berre nokre skrammer og ei dobbeltsidig lungebetennelse som no er på hell, var det han pådrog seg av skader, i tillegg til smerter i halebeinet.

Håpar andre vil lære

No håpar han at den forferdelege opplevinga vil vere til lærdom for andre.

– Det er tre ting eg no meiner er viktig når du skal på sjøen. For det første å aldri få panikk når uhellet er ute, for det andre kunne svømme godt og vite korleis du skal kunne kle av deg kleda i vatnet, og for det tredje vere i god fysisk form.

Både Stangeland og legane meiner han har vore heldig.

– Legene var imponerte. De sa at eg aldri hadde overlevd, dersom eg ikkje hadde gjort det slik eg gjorde det.

Fredag er han klar til å skrivast ut frå sjukehuset og han gler seg til å komme heim til familien.

– Heldigvis har dei ikkje kjefta på meg. Det var det eg var mest redd for, seier han og ler.

Artikkeltags