Stein i vegbana stengde tunnel i Aurland

Vegen og tunnelen er no open for fri ferdsel.

DEL

Fv. 50 Berdalstunnelen i Aurland kommune er stengt tysdag morgon grunna stein i vegbana.

Steinnedfallet gjer vidare at fv 50 Aurland - Hol er stengt.

Vegtrafikksentralen Vest melder like før klokka 10.30 at ein geolog vil vere på plass om lag klokka 11.00.

Ny vurdering av rasstaden skulle opphavleg skje klokka 13.00, men Vegtrafikksentralen melder at både tunnelen og fv.50 Aurland–Hol no er opna for fri ferdsel.

Artikkeltags