Ein mann i 50-åra var i natt sakna etter å ha vore på rypejakt i Steinbergdalen. Røde Kors og Norske redningshundar søkte etter vedkommande, melder politiet på Twitter.

Klokka 01.57 møtte leitemannskapa mannen gåande. Han hadde gått seg vill. Mannen var nedkjølt, men elles uskadd.