Kvinne mista livet i trafikkulykke i Aurland

Ei kvinne omkom i ei trafikkulykke på E16 i Aurland fredag kveld. To andre er frakta til sjukehus med ukjent skadeomfang.

DEL

Klokka 18.38 fredag kveld fekk politiet melding om ei trafikkulykke. Ulykka skal ha skjedd 100 meter aust for Fretheimstunnelen ved Flåm.

– Alle naudetatane rykte ut til staden saman med luftambulanse. Totalt var det tre bilar og tre personar involvert i ulykka. Ein person blei etter kvart erklært død på staden, seier Bjarte Rebnord i ei pressemelding i etterkant av at ulykka var meldt.

Politiet melder seinare at det var ei kvinne som omkom i ulykka. Kvinna var sjåfør i ein av dei tre involverte bilane.

Dei næraste pårørande til kvinna er varsla, og politiet melder at det ikkje vil bli gitt ytterlegare info denne natta.

To andre personar var involvert i ulykka, kvar av desse var sjåførar i kvar sin bil. Begge desse er sendt til sjukehus eller legevakt for sjekk. Skadeomfanget er ukjent, men begge blir omtala som vakne og medvitne.

Klokka 22.45 arbeider politiet framleis på ulykkesstaden. Vegen gjennom dei stengte tunnelane og ulykkestaden stengt, men det er kolonnekøyring for personbilar som tidlegare meldt.

Vegen vart opna att i 5-tida laurdag morgon, etter kolonnekøyring gjennom dei stengte tunnelane fredag kveld og natt til laurdag.

Politiet sine kriminalteknikarar er kalla ut saman med Ulykkesgruppa til Statens Vegvesen.

– Ein person var fastklemd men vart frigjort av brannvesenet. Det er tre bilar og tre personar som er involverte. Den eine bilen har store materielle skader. Ein kan beskrive det som ei alvorleg ulykke, sa operasjonsleiar Bjarte Rebnord klokka 19.45.

Hendingsforløpet er framleis ukjent.

Artikkeltags