Vegtrafikksentralen Vest melder klokka 09.19 at det er gått eit ras på fylkesveg 50 Aurland-Hol.

Raset dekker vegbana og vegen er no stengt.

Det skal vere snakk om eit 30 meter breitt ras med småstein og tre. Raset skal ha gått i nærleiken av Stondalen på Aurland-sida.

Entreprenør er på veg.

Førre veke var Aurland prega av fleire ras. Les meir om desse her: