Parets bubil stod luftig parkert halvvegs utanfor vegen, då dei ringde etter hjelp via Adac-sentralen, som svarar til NAF i Tyskland, ved 15-tida fredag.

– Dei hadde parkert og trilla bakover, og rakk antakeleg ikkje å reagere før bilen stoppa av seg sjølv av vegkanten, seier Frydenlund til NTB.

Det var Sogn Avis som først omtalte saka.

Under bubilen, som var parkert halvvegs til Stegastein ved utkikkspunktet Ås, var det to og ein halv meter rett ned, og deretter ein stupbratt skråning.

Mange turistar drar til Stegastein som av reiselivsaktørar blir skildra som ein «perfekt stad for gode feriebilde» og med ei utsikt som «tar pusten frå dei fleste». For det tyske ekteparet blei det nok for mykje av det gode.

Frydenlund forklarer at også det tyske ekteparet var ganske skjelvne då han kom, men etter litt rigging, vinsjing og bygging med klossar, så fekk han bubilen trygt tilbake på vegen.

– Oppi dei bakkane der er eg omtrent dagleg. Er det ikkje utforkøyringar, så er det brems- og motorfeil. Det er ikkje mange som er godt forberedt på kva som møter dei, seier bilbergaren som jobbar for Vang autoservice avdeling Lærdal.

Frydenlund er glad det tyske ekteparet berre slapp med skrekken, og seier at bildet av bubilen utanfor vegen kanskje kan vere til skrekk og åtvaring for andre.