Gå til sidens hovedinnhold

Auke i tal omkomne i trafikken i Vestland i mai

Men på landsbasis er talet omkone færre enn i fjor, syner tal frå Statens vegvesen

I alt åtte personar omkom i trafikken i mai. Det er første gong sidan 1990 at ingen syklistar har omkomme i dei fem første månadane.

Hittil i år har 25 personar mista livet i trafikkulykker nasjonalt. Til samanlikning var talet 37 personar på same tidspunkt i fjor.

Det er altså ingen syklistar som har mista livet på norske vegar hittil i år.

– Sjølv om ingen syklistar har mista livet til no i år, veit vi at vi har ein god del hardt skadde, seier kommunikasjonsrådgivar Christoffer Solstad Steen i Trygg Trafikk.

For sjølv om det har vore ein nedgang i talet på omkomne i trafikken dei siste åra, har talet på hardt skadde auka. I 2019 vart 565 personar hardt skadd i trafikkulykker, medan talet var 627 i fjor.

– Det å bli hardt skadd i trafikken kan øydeleggje liv og avgrense livskvaliteten både for dei direkte involverte og pårørande. Dette er eit alvorleg samfunnsproblem som fortener ekstra fokus i tida framover, seier Solstad Steen.

Ifølge statistikken var det ingen i Vestland som omkom i trafikken i perioden januar-mai i 2020. I 2021 er talet for same periode to.

Kommentarer til denne saken