I dag, tysdag, er det allereie betydeleg snøskredfare i Jotunheimen (faregrad 3). Varsom.no varslar at forholda er krevjande.
– I tillegg til ustabile nysnøflak i leområde, finst det vedvarande svake lag i alle himmelretningar. Viss desse svake laga losnar, vil skreda kunne bli store, melder dei.
Frå onsdag aukar faren frå betydeleg til stor (faregrad 4) i same område.
– Skred kan losne av seg sjølv i nokre bratte heng. Skred kan bli store nok til å øydelegge fleire hus. Fjernutløysing er mogleg, står det i varselet.
For indre Fjordane og indre Sogn aukar faren frå 2 til 3 (betydeleg) onsdag. Så ver obs viss du skal ut i fjellet dei nærmaste dagane.