Gå til sidens hovedinnhold

Audhild tilbyr gratis overnatting i hagen

Då Audhild Bogstad slo eigedomen, slo det henne – kanskje fleire ville sett pris på å vakne opp til utsikta. No opnar ho hagen for teltentusiastar.

For abonnentar

– Eg har stor eigedom med fin utsikt, så eg tenkte at eg kunne dele den med nokon, seier Audhild Bogstad. Ho bur på Hagebakk på Reed, ein idyllisk eigedom med utsikt over Breimsvatnet og dei majestetiske fjella i Kandal.

– Her er god plass, og det er kjekt å få besøk, seier Bogstad, som fekk ideen då ho slo på eigedommen.

Dermed delte ho eit innlegg på Facebook der ho opna eigedommen sin for dei som har lyst til å ligge i telt eller sove i hengekøye, og vakne opp til flott utsikt.

Ventar besøk i neste veke

– I neste veke så får eg tre personar som kjem på besøk for å ligge i telt, seier Bogstad, som trur det blir kjekt både for gjestene og for henne.

– Eg arbeider ein del i hagen. Berre det å vite at det er nokon andre i hagen, så gjer det arbeidet så mykje kjekkare, seier Bogstad.

Ho legg til at teltgjestene også kan få låne både toalett inne eller utedo om dei heller ønskjer det, og at tilbodet vil vere gratis.

– Kva gjer du om det blir mange som vil kome på besøk?

– Då blir det kølapp, seier Bostad og ler.

– Nei, her er god plass, så det går nok fint. Då skal eg heller slå meir gras så det blir eit større område å slå opp telt på, seier ho.

Gler seg over å glede andre

Bogstad er elles kjend for å vere ei dame med mykje initiativ, særleg med påfunn som kan glede andre. I jobben sin som postbod plar ho å slå av ein prat med kundane på ruta, noko som gjer at ho har blitt både kjend og kjær for mange. Særleg stuntet der ho la sjokolade i postkassa til folk, vart teke imot med mykje glede kring om i Gloppen.

– Kvar kjem alle ideane frå?

– Eg er nok litt einsam, sidan eg ikkje har nokon heilt nære. Mor bur i bukollektiv på Byrkjelo, og søster mi har eigen familien. Men eg tenkjer at ved å dele litt av det eg har, så kan eg glede meg over at eg gler andre, seier Bogstad.

Campingplassane er smekkfulle – no trør butikkane til med uventa løysing

Ungdommane vann fram – no har dei fått gratis nett

Les også

Kari og Sindre hadde planlagt heidundrande bryllaupsfest. No har dei tenkt nytt: – Gifte oss skal vi uansett, for ringane er gravert inn!

Kommentarer til denne saken