FIRDAPOSTEN: Vi er midt i november, ein månad som gjerne er rekna som tung, våt og mørk her på Vestlandet. Men no er det derimot stor skogbrannfare frå Bergen til Trondheim, etter veker med mykje tørt vêr, sol og til tider sterk vind.
– Frålandsvind frå søraust har dominert på Vestlandet og i Trøndelag i det siste, og nedbøren har uteblitt. Det er svært tørt. Tørt gras og lyng er lettantenneleg. I tillegg blir det sterk vind frå søraust som gjer at eld spreier seg fort.

Er du 55 år? Då får du snart innkalling til tarmundersøking: – 10-15 prosent vil ha stort ubehag under undersøkinga
Det melder Meteorologisk institutt på Twitter.
– Det er tørt mange stader no. Faktisk så tørt at det er sendt ut farevarsel om gras- og lyngbrannfare i ytre strøk av Møre og Romsdal og Trøndelag, skreiv dei også tidlegare i veka.
Varselet om skogbrannfare gjeld til det kjem nedbør av betydning. Og det kan bli lenge til, ifølge meteorologane.
– Våre prognosar tilseier tørt vêr også i neste veke, skriv dei.
På Aust- og Sørlandet er det derimot ein annan sak. Der har det komme store mengder nedbør dei siste dagane, mest snø på Austlandet og både snø og regn på Sørlandet.