Gå til sidens hovedinnhold

Åtvarar om snø på fjellovergangane : – Vent med å køyre eller vel ein anna veg

Artikkelen er over 1 år gammel

På Aurlandsfjellet er det snøslaps.

Vegtrafikksentralen melder om låg temperaturar og nedbør i form av snø på fjellet på fleire fjellovergangar i Sør-Norge fredag.

Blant anna er det snøslaps på fylkesveg 5624 Aurlandsfjellet og på Vikafjellet er det snø i lufta. Alle avgangane er opne.

– Det er meldt ein del lågare temperaturar i dag, då kan det fort bli glatt på fjellovergangane, seier Mariann Hove, trafikkoperatør ved Vegtrafikksentralen vest.

Skal ein over fjellet i dag så anbefaler ho ikkje å køyre med sommardekk.

– Alle køyrer med sommardekk no og det er mange som er på bilferie. Skal du ut å køyre så bør ein følge vêrmeldingane og sjå han forholda i trafikken, seier ho.

Og om du absolutt må køyre med sommardekk seier Hove dette:

– Vent til seinare på dagen eller køyr ein anna veg som ikkje er over fjellet.

Dei oppfordrar til å sjekke 175.no og vêrvarsel før du køyrer.

Kommentarer til denne saken