Åtvarar mot «koronasvindlarar»

Ver obs på korona-relaterte svindel-e-postar.

DEL

– Kaotiske tider som no er gull for ein svindlar, og risikoen mot både personar og verksemder er høg i desse dagar, seier Kristian Kastet, IT-sikkerheitsansvarleg i Frende Forsikring i ei pressemelding.

Til og med under ein viruspandemi finst det menneske som ser sitt snitt til å lure andre for eiga vinning. For tida florerer fleire korona-relaterte svindelkampanjar på e-post.

– Ein fungerer slik at hackarane sender e-post frå ein truverdig avsendar med eit program som skal vise koronaspreiinga på eit verdskart. Men så inneheld det også skadeleg programvare. Klikkar du der, så er det gjort, seier Tina Jerstad, marknadsansvarleg hos cxLoyalty, eit selskap som hjelper personar råka av ID-tjuveri.

WHO (World Health Organization/Verdsorganisasjonen for helse) har åtvara om e-postar som lokkar med info om viruset i eit Word-dokument med skjult skadevare. Ein annan, liknande svindelkampanje blir sendt i det amerikanske fraktselskapet FedEx sitt namn.

– Svindlarane utnyttar ofte situasjonar som er prega av kaos fordi folk tar raske og avgjersler utan å tenke etter når dei er stressa. Derfor pleier vi å seie at menneske er det svakaste leddet innan IT-sikkerheit, seier Kristian Kastet, sikkerheitsansvarleg i Frende Forsikring.

Typiske svindlartriks er at du blir beden om å ta ei avgjersle på kort tid, du får gjerne falske truslar og får eit tilbod som verkar for godt til å vere sant. E-posten blir som oftast sendt i namnet til ein truverdig aktør.

Artikkeltags