Gå til sidens hovedinnhold

Åtte testa positivt for koronaviruset

Av totalt 431 analyserte prøver måndag, har åtte av dei vist seg å vere positive.

Det melder Helse Førde tysdag morgon.

Den siste veka har Helse Førde analysert 3025 prøver, der 78 av desse har vore positive.

Dei åtte positive prøvene måndag blei tekne i Sunnfjord, Stad og Sogndal.

Kommunen for prøvetaking er ikkje nødvendigvis kommunen der pasienten bur eller har folkeregistrert adresse.

Av tilsette i Helse Førde, har sju av om lag 3000 hatt smitte. 13 tilsette er heimeverande eller sjukemelde på grunn av korona.

Les også

Furnes: – Anbefaler ikkje folk å reise i påska

Les også

FHI varslar ny vurdering av AstraZeneca-vaksinen fredag

Les også

Bjørlo om koronasituasjonen: – Det er ingenting som tyder på at det er smitte laust

Les også

Dette seier Furnes om koronarykta på Sande

Kommentarer til denne saken