Gå til sidens hovedinnhold

Åtte nye koronasmitta, ingen i Sunnfjord

Av totalt 529 analyserte prøver tysdag, har åtte av dei synt seg å vere positive.

Det melder Helse Førde onsdag morgon.

Alle dei åtte positive prøvene kjem frå Stad. Verken Sunnfjord eller Sogndal har nye positive prøvar.

Smittevernoverlege Øystein Furnes i Sunnfjord kommune er nøgd. Han skreiv følgande i ein tekstmelding til Firda tysdag kveld:

– For oss er dei beste nyheitene ingen nyheiter - og vi har ikkje fått ein einaste positiv prøve i kveld. Svært lovande, vi går gjennom alle prøvesvara i morgon for å vere heilt sikre på at alle er komne inn.

Ingen nye smittetilfelle har også betydning for elevar og lærarar på Hafstad vidaregåande skule.

– Det betyr at dei som er i ventekarantene no er ute av denne. Dei to klassane og lærarane deira kan teste seg ut av karantene mot slutten av veka. Normal skule i morgon for resten, skriv Furnes.

Kommunen for prøvetaking er ikkje nødvendigvis kommunen der pasienten bur eller har folkeregistrert adresse.

Av tilsette i Helse Førde har sju, av om lag 3000, hatt smitte. Åtte tilsette er heimeverande eller sjukemelde på grunn av korona.

Les også

Dette er dei nye nasjonale koronatiltaka

Les også

Startar med nytt smittevern-tiltak på Spenst: – Vi kan ikkje senke skuldrene

Les også

Elise (18) sat i same bil som smitta førre veke: – Dei burde stengt heile trinnet vårt

Kommentarer til denne saken