– I dag er eg symptomfri. Å legge om kosthaldet endra livet mitt, seier Stine Marie Aasen.

Allereie i barndommen var Aasen nysgjerrig på korleis mat og god helse hang saman. Sjølv om ho som barn hadde ein smak for det søte, vart ho etter kvart veldig opptatt av å ete sunt og halde i seg i form.

I fleire år gjorde ho alt rett – på papiret.

– Som mange andre, trudde eg at eg sat på svaret, seier ho.

Braut med alt ho hadde lært

Aasen utdanna seg først som hudpleiar, for så å starte på sjukepleia. Ho saug til seg at ho lærte om ernæring, og la opp sitt eige kosthald deretter.

Då sambuaren ein dag kom heim og sa at han skulle begynne på lågkarbo, gjekk det ein indre alarm.

– Eg stegla, og sa at han var gal. Det braut med alle prinsippa eg hadde lært, fortel Aasen.

Sambuaren, Sindre Rørstadbotnen, dreiv aktivt med vektløfting og hadde blitt kontakta av ein sentral person innan lågkarbomiljøet i Norge. Han ville nemleg sjå korleis eit slikt kosthald ville fungere for nokon som dreiv med denne type idrett.

Sjølv om den umiddelbare reaksjonen til Aasen var negativ, brukte ho tid på å sette seg inn i kva lågkarbo eigentleg var. Litt etter litt vart ho overtydd.

Endra kosthaldet – så forsvann symptoma

Førdianaren omtalar seg sjølv som ein helsenerd. Ho meiner det er viktig å skaffe seg informasjon og sjå fleire sider av ei sak, uansett kor sikker du er på at du har rett.

I dag er ho svært glad for denne eigenskapen. Det var nemleg med på å gi ho eit betre liv.

– Som 18-åring fekk eg diagnosen PCOS, eit syndrom som fører til hormonell ubalanse. Eg fekk beskjed om at det er ein kronisk sjukdom, men at livsstil kunne påverke symptoma.

Aasen kjende seg igjen i mykje av det ho las på nett, og bestemte seg for å gjere ei radikal endring i kosthaldet. I dag er ho nær symptom- og smertefri frå PCOS og migrene.

– Lågkarbo vart ein kjempesuksess for min del, seier Aasen.

Gjekk motstraums

Engasjementet er openbert. Aasen fortel at dei positive erfaringane gav blod på tann, og då ho var heime i mammaperm tok ho nettstudium for å bli rettleiar i optimal trening og ernæring.

Tanken om å starte eiga bedrift hadde lege i bakhovudet lenge, men noko heldt ho igjen.

– Som sjukepleiar gjekk eg litt motstraums den gong. Ekspertane var ikkje ute og støtta opp om dette, slik som mange har gjort i dag, og folk var nok meir skeptiske, seier Aasen.

I tillegg var det nokre praktiske utfordringar. Det er nemleg ikkje berre ernæring førdianaren brenn for. Ho sakna å drive med hudpleie, og var usikker på kva ho skulle satse på.

Lenge gjekk ho i tankeboksen, før ho ein dag bestemte seg for å hoppe i det.

– Greia med å starte for seg sjølv, er at det aldri passar. Skal ein gjere det, må ein berre våge å ta det første steget, seier ho.

Starta sitt eige føretak

Tidlegare i haust starta ho enkeltpersonføretaket Rein helse. Der skal Aasen drive med ernæringsrettleiing og hudpleie, både som separate tenester og saman.

– Helse er veldig samansett. I dag veit vi at ein dårleg tarm til dømes kan påverke den psykiske helsa vår, og at matintoleransar kan få utslag i hudproblem, forklarer ho.

Målet hennar er å sjå heile personen, og gi rettleiing som funkar for dei.

– Er det lågkarbo du kjem til å jobbe med?

– Eg kjem til å anbefale det i dei tilfella eg meiner det vil vere til hjelp. Men det er ikkje slik at det finst éi løysing som fungerer for alle, fokuset mitt er på råvarebasert kosthald, og så tilpassar eg rettleiing og råd til kvar enkelt person, seier Aasen.

Brenn for arbeidet

I eit rom i første etasje har det komme opp behandlingsbenk og produkt, og Aasen har allereie begynt å dyppe tærne i vatnet på ernæringsfronten.

Sjølv om ho har sikra seg god kompetanse gjennom utdanninga, har ho ikkje aktivt jobba med det. Til vanleg jobbar ho nemleg på Angedalen gard som miljøarbeidar, noko ho skal halde fram med.

– Eg jobbar døgnvakter, noko som betyr at eg har mykje fritid når eg ikkje er på jobb. Rein helse skal eg jobbe med ved sidan av, seier ho.

Medan ho tar sikte på å komme i gang med hudpleietilbodet neste veke, har ho førebels berre tatt inn nokre kundar, trass mange førespurnadar.

Ho vil nemleg ha endå meir kunnskap med seg, før ho opnar for fleire kundar. Det blir på nyåret, då ho etter jul skal starte på ei utdanning innan kosthaldsrettleiing for personar med spesielle matintoleransar.

– Du har mange jern i elden. Kva motiverer deg?

– Først og fremst likar eg å halde meg opptatt. Men eg brenn verkeleg for dette, og eg brukar mykje av fritida mi på å lære meir om ernæring. No får eg moglegheita til å hjelpe andre, og det er ei stor drivkraft. Eg gler meg til å komme skikkeleg i gang, seier Aasen.

Les også

Den stygge ulukka hindra Tonje i å få eigne born – i staden står ho på for at andre sine skal ha det bra

Les også

Eli Kari blei overraska over beskjeden frå legen: – Kom som julaftan på kjerringa