Laurdag 19. november heldt Vestland SV nominasjonsmøte for fylkestingslista til fylkestingsvalet 2023–2027.

Dei presenterer sine valde toppkandidatar for Vestland SV i ei pressemelding, og Åsmund Berthelsen frå Naustdal er på andreplass. Berthelsen er nestleiar i hovudutval for opplæring og kompetanse i Vestland

Hege Lothe frå Gloppen er også på lista over dei topp seks for Vestland SV.

Lothe er organisasjons- og informasjonsrådgivar i Noregs Mållag. Innan politikken er ho fylkesleiar i Vestland SV.

Marthe Hammer er nominert på topp for Vestland SV. Ho er i dag gruppeleiar for SV i fylkestinget, og er nestleiar for hovudutval for samferdsel og mobilitet.