Arild såg leikehytta til barnebarnet forsvinne i stormen

Slik ligg leikehytta til barnebarnet til Arild Gjervik. Den har blitt kasta 40-50 meter av vinden.

Slik ligg leikehytta til barnebarnet til Arild Gjervik. Den har blitt kasta 40-50 meter av vinden. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

ASKVOLL: Leikehytta blei kasta 40-50 meter av vinden. – Barnebarnet mitt er rimeleg fortvila no, seier Arild Gjervik.

DEL

Lause gjenstandar flaug gjennom lufta i Stongfjorden i Askvoll måndag kveld. Sterke vindkast gjorde det umogleg å opphalde seg ute. Arild Gjervik såg leikehytta til barnebarnet sitt bli tatt av vinden.

Hytta var bygd for berre ein månad sidan, men blei smadra av flygeturen på nærmare 50 meter. Gjervik sitt barnebarn på 6 år er fortvila, fortel han dagen derpå.

Tysdag har han vore ute og sett på skadene som Urd har påført Stongfjorden.

– Det ser veldig trassig ut. Butikken her har mista vinduet, det er bilar som har rutene utblåst, taket på grendahuset har mista mykje takstein, og Helle-fabrikken har fått blåst ut nokre glasplater. Og ei campingvogn er snudd på hovudet, seier han dagen etter stormen.

No har vêret roa seg, og det er heilt stilt, fortel han.

Men i går var ting meir hektisk:

– Vi er treft hardt ja, seier Arild Gjervik måndag kveld.

– Det er vanskeleg å sjå noko, men det er eit heilt tak av ein bygning nedanfor meg, sikkert 10 meter langt og fem meter breitt. Sannsynlegvis kom det frå eit bygg 30–40 meter herifrå. Barnebarnet mitt har mista heile leikehytta, det forsvann bortover bakkane tidlegare.

Umogleg å vere ute

Gjervik fortel at dei begynte å merke stormen litt over klokka 18 måndag kveld.

– Litt over seks var eg nede i båthamna og skulle sikre flyteelement og slike ting, ein halvtime seinare var det umogleg å stå ute lenger.

Stormen har heldt same styrke heilt sidan då og fram til Gjervik snakka med Firda klokka 20.45.

– Vi har mista straumen to gonger, men ikkje så lenge, så dei har vore flinke med å fikse feila.

Å bevege seg ute i Stongfjorden er heilt umogleg måndag kveld.

– Det flyg alt mogleg i lufta her. Eg var nede i sentrum og då eg køyrde opp igjen flaug det bossdunkar, plankebitar og greiner gjennom lufta.

Sjå video frå Stongfjorden 2. juledag her:

URD: Rundt kl. 18 filma Arild Gjervik denne videoen medan det endå var mulig å opphalde seg ute. (FOTO: Arild Gjervik)

Artikkeltags