Etterlyser telefonløysing

Etterlyser mobildekning: Gaute Losnegård etterlyser mobildekning i Staveneset, som blir fråteke fasttelefon, samstundes som mobildekninga i stor grad er fråverande.

Etterlyser mobildekning: Gaute Losnegård etterlyser mobildekning i Staveneset, som blir fråteke fasttelefon, samstundes som mobildekninga i stor grad er fråverande. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

ASKVOLL: – Kva har Askvoll kommune gjort for å betre mobildekninga i Staveneset? Og kva vil vi gjere?

DEL

Spørsmåla stilte Gaute Losnegård (SV) i Askvoll kommune si offentlege spørjetid.

Losnegård meiner kommunen må gjere noko for å få orden på mobildekninga i Staveneset.

– I Firda kunne vi i sommar lese om fastbuande i Staveneset som blir fråtekne fasttelefonen frå Telenor, sjølv om det ikkje er brukande mobildekning. Staveneset er eit område med mange hytter og stor turisttrafikk om sommaren. Hovudleia langs kysten går rett utanfor med stor småbåt- og skipstrafikk. Kva har Askvoll kommune gjort, og kva vil ein gjere for å betre mobildekninga i Staveneset, spurde Losnegård.

Han fekk svar frå ordførar Frida Melvær:

Har ikkje prioritert saka

– Vi kjenner til artikkelen, og vi tok oppslaget opp til drøfting i formannskapet i første møte etter ferien. Korkje ordførar eller administrasjon fekk signal om å prioritere saka, då vedkommande ifølge Firda sin artikkel hadde fått eit alternativ tilbod frå Telenor som vart takka nei til, svara Melvær.

Ho legg til at mobildekninga i Askvoll kommune er ustabil eller fråverande i fleire delar av kommunen. Dette har fleire gonger vore teke opp i møte med Telenor.

Her: På den høgste knausen, eit godt stykke frå huset sitt på Stavenes, må Olaf Saltskår gå om han skal få mobildekning. I juni vart linja til fasttelefon fjerna, og tilbodet frå Telenor innebar at Saltskår måtte bytte mobilnummer. Det føler han at han ikkje kan, fordi han i mange år har drive med hytteutleige, og er avhengig av nummeret alle kundane kjenner.

Her: På den høgste knausen, eit godt stykke frå huset sitt på Stavenes, må Olaf Saltskår gå om han skal få mobildekning. I juni vart linja til fasttelefon fjerna, og tilbodet frå Telenor innebar at Saltskår måtte bytte mobilnummer. Det føler han at han ikkje kan, fordi han i mange år har drive med hytteutleige, og er avhengig av nummeret alle kundane kjenner. Foto:

– Vi er i dialog med prosjektleiar for dekning i Telenor, Lukashaug, og har fått på plass eit møte med han 28. oktober. Det vil vere naturleg å ta opp spørsmålet om dekninga i Staveneset i dette møtet.

Kommunen må betale sjølv

Frida Melvær sa også at det ikkje finst statlege midlar til utbygging av mobilnettet.

– Det blir derfor ei forhandling mellom Telenor og Askvoll kommune dersom vi meiner det er delar av kommunen som bør prioriterast og byggast ut, dersom ikkje Telenor finn det lønsamt å gjere det åleine, sa Melvær.

Ho understreka at då må kommunen prioritere dei ulike områda opp mot kvarandre, og at det til slutt er opp til kommunestyret å avgjere. Både om kommunen skal delta i ei utbygging, og kva område som då skal prioriterast høgst.

På direkte oppfølgingsspørsmål frå Losnegård, som ville vite om det ho svarte betyr at dette blir teke opp politisk, fekk han eit ja, men.

– Vi må først få oversikt over kva område som har mangelfull dekning. Deretter må vi lage eit kostnadsoverslag for så å ta det opp i budsjettsamanheng. Om vi rekk det til budsjettmøtet i desember, er eg ikkje sikker på, men vi skal prøve, sa Melvær.

Artikkeltags