Dette er noko av det Synnøve fann i fjøra

Ein båt, som ser ut til å vere heilt i orden sjølv om den var full i plankar og rus, og eit gammalt fjernsyn var noko av det Synnøve Rivedal fall i fjøra ved Dalsfjorden laurdag.

Ein båt, som ser ut til å vere heilt i orden sjølv om den var full i plankar og rus, og eit gammalt fjernsyn var noko av det Synnøve Rivedal fall i fjøra ved Dalsfjorden laurdag. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

Ein herrelaus båt og ein gammal Tv er noko av det Synnøve Rivedal fann etter at «Tor» hadde herja.

DEL

– Eg var nede og såg no like før det blei mørkt. Og det var ikkje måte på kva som hadde reke i land, seier Synnøve Rivedal.

Om nokon kjenner igjen denne båten så kan den hentast i Rivedal.

Om nokon kjenner igjen denne båten så kan den hentast i Rivedal. Foto:

Mellom anna låg det ein ukjent båt like nedanfor eit naust.

– Om nokon kjenner den att kan dei ta kontakt og hente den i Rivedal, seier ho.

Rek inn mykje

Det er ikkje uvanleg at det rek i land tang, tare, plankar og bos i Rivedal i Dalsfjorden.

– Men så mykje rart som eg fann i dag er det sjeldan eg ser. Det er tydeleg at «Tor» har teke med seg alt han har komme over, seier Rivedal.

Dette gamle fjernsynet har også drive i land.

Dette gamle fjernsynet har også drive i land. Foto:

Gammalt fjernsyn

Mellom ein fotball, eit akebrett, bensinkanner, flasker, plankar og stolpar dukka det også opp eit gammalt fjernsyn.

– Det har eg aldri funne før, seier Rivedal.

Ho fortel at fjøra i Rivedal er ein stad mykje rek i land.

Ein fotball og eit akebrett var også mellom rusket som har hamna opp på jordet i Rivedal.

Ein fotball og eit akebrett var også mellom rusket som har hamna opp på jordet i Rivedal. Foto:

– Vi driv gårdsbruk og har grasmark som vi slår nede ved fjorden. Kvar vår brukar vi å ha ei opprydding. Når det er storflo dreg sjøen med seg ulike ting langt oppover jordet. For det meste tang, tare, plankar og flasker, men også andre ting, fortel Rivedal.

Ho legg til at dersom nokon ser noko på bileta som dei kjenner igjen, så er det berre å komme og hente det.

Artikkeltags