Godt gjort å bomme på det haldet!

DÅP: Det ser jo i utgangspunktet enkelt ut:

DÅP: Det ser jo i utgangspunktet enkelt ut: Foto:

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

Dåpen gjekk ikkje heilt etter planen

DEL

Frida Melvær skulle gjendøype MS "Stangfjord" då den kom tilbake i Stongfjorden i kveld, etter 21 år i utlendigheit.

Det skulle vere ei enkel sak:

1. Halde flaska, som er festa i eit tau, i handa.

2. Og så sleppe. 

3. Flaske treff båten.

4. Flaske blir knust.

5. Dyr champagne renn utover båten og i sjøen.

6. Alle - og særskilt fråhaldsmenneska i bygda - ropar høgt hurra.

Det er vanlegvis planen. Taua er ved slike høve ofte prøve-sleppt, slik at ein veit at enden på tauet treff båten.

Men i løpet av den gode halvmeteren frå Askvoll-ordførar Frida Melvær si hand til båtsida skjedde noko ingen hadde tenkt på:  Tauet slitna.

Så eit tidels sekund etter at Melvær slapp flaska, sa det ikkje "Knus", som alle hadde venta.

Nei, "Svupp", sa det, og flaska smatt ned mellom kaia og båten - og til botnar.

Båten blir etter det Firda forstår likevel ansett som døypt.

Det ryktast og at konkurrerande konstellasjonar planlegg uavhengige bergingsekspedisjonar på åstaden utpå kvelden.

Les og Stangfjord heime att

Artikkeltags