Får bruke ferjemidlar til vegbygging i 40 år

BRU FOR ferje: Kostnadene med å drive Atløyferja vil kunne brukast til å finansiere fastlandssamband, over ein periode på førti år.

BRU FOR ferje: Kostnadene med å drive Atløyferja vil kunne brukast til å finansiere fastlandssamband, over ein periode på førti år. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Etterlengta ordning er i boks – godt nytt for Atløyfolk og kystvegforkjemparar.

DEL

Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

Semja om ei ferjeavløysingsordning som lettar realiseringa av viktige vegprosjekt i fylket, er no på plass. Dette blir stadfesta både av leiaren i Stortingets Kommunalkomité, Helge André Njåstad, og av Frps gruppeleiar i fylkestinget, Frank Willy Djuvik, etter at regjeringspartia Høgre og Frp og støttepartia KrF og Venstre no er blitt samde om ei ordning med finansieringstid på 40 år.

– Dette har eg jobba mykje med, og eg håpar at mange øysamfunn no kan få fastlandssamband gjennom ei gunstig ferjeavløysingsordning, seier Njåstad.

Djuvik: Bønhøyrde

Djuvik meiner den nye ordninga samla kan bety 2,4 milliardar vegkroner i Sogn og Fjordane, om både Atløysambandet, Ytre Sula og Kystvegen blir realisert. Riksvegbygginga har i fleire år hatt ei ordning der innsparte ferjekostnader kan byttast til brufinansiering. Fylkesvegane har mangla eit slikt system.

– Dette er ordninga alle har bede om å få, seier Djuvik til Firda.

Delfinansiering

Kor stor del av Atløysambandet den nye ordninga vil finansiere, er usikkert, mellom anna fordi Statens vegvesen vegrar seg for å gi opp tal for kva t.d. Atløysambandet kostar kvart år.

Forkjemparane for Atløysambandet har i mange år hevda at prosjektet vil kunne vere sjølvfinansierande med innsparte ferjemidlar, men har ikkje fått fylkeskommunen med på reknestykka sine.

– I utgangspunktet får fylkeskommunane 15 millionar kroner per ferjesamband per år. Det skulle utgjere 600 millionar kroner for Atløysambandet, som er kostnadsrekna til 900 mill kr. Kostar drifta av Atløyferja meir enn 15 mill kr, vil det vere i fylkeskommunens interesse å få ferja erstatta av bru eller tunnel, fordi det vil gi ei ytterlegare innsparing. Brukar fylkeskommunen mindre på Atløyferja enn den får av staten, kan den økonomiske konsekvensen bli negativ, seier Frp-gruppeleiaren.

Statleg kystveg?

Kystvegen vil uansett ikkje kunne fullfinansiert med ferjeavløysingsmidlar åleine. Men den nye ordninga vil ut frå tommelfingerregelen kunne skaffe fram 1,2 mrd. kroner, føresett at begge ferjesambanda Måløy–Oldeide og Stårheim–Isane blir lagt ned, meiner Djuvik.

Problemet er at fylkeskommunen ikkje vil greie å stille dei 1–2 milliardar kronene som trengst, seier han.

– Det er urealistisk, i den økonomiske situasjonen fylkeskommunen står oppe i. Men her ønsker Frp at staten skal ta over vegen, seier Djuvik.

Samstundes med at ferjeavløysingsordninga er i ferd med å bli ein realitet, knyter det seg også stor spenning til den varsla oppjusteringa av ferjenøklane i det fylkeskommunale inntektssystemet. Oppjusteringa kan gi store positive utslag, seier Frank Willy Djuvik.

Artikkeltags