Askvoll kommunestyre har i sommar valt meddommarar til tingretten og lagmannsretten frå kommunen.
Til lagrettemedlemmer/meddommarar i lagmannsretten skal det vere to kvinner og to menn frå Askvoll. Dei som er valt ut er Marit Erikstad, Kathrin S. Rogne, Bjørn Magne Solheim og Dag Tore Mjåseth.
Til tingretten har kommunen plukka ut fem kvinner og fem menn. Dei utvalde er: Bente Nymoen Selvik, Sigrid Lunde, Alice Hestad Vie, Inger Vårdal, Anne Kari Iversen, Anders Lien, Bjørnar Sandøy, Helge Landøy, Arild Kristiansen og Rolf-Peder Johnsen.
I tillegg har kommunen komme med framlegg til val av skjønsmedlemmer for perioden 2017 – 2020. Det er fylkesutvalet som til slutt oppnemner det endelege skjønsutvalet. Askvoll sitt framlegg er: Dag Arne Helle, Ingebjørg Vesterås, Terje Selvik, Bente Nordheim Hillersøy, Edvin Helle, Synnøve Rivedal, Terje Vårdal, Kay-Lise Løkeland Leknes og Odd-Jarle Øvreås.
Kommunestyret har også valt seks kvinner og seks menn til jordskiftedommarar. Halvparten av desse har postadresse Holmedal medan resten er fordelt på dei andre bygdene og øyane i kommunen.
Dei som er valde er: Irene Hestvik, Synnøve Rivedal, Marit Erikstad, Synnøve Melvær, Helga Carlsen, Randi Solhaug, Knut Landøy, Jens Helgheim, Trond Selvik, Dag Arne Helle, Hjalmar Solheim og Odd-Jarle Øvreås.