Sofie og onkelen fann eit tonn søppel på lita øy

60 SEKKAR MED SØPPEL: Sofie Krumsvik (15) og Edvin Landøy (50) samla inn 60 sekkar med søppel i samanheng med aksjon plastpant.

60 SEKKAR MED SØPPEL: Sofie Krumsvik (15) og Edvin Landøy (50) samla inn 60 sekkar med søppel i samanheng med aksjon plastpant. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

ASKVOLL: To eldsjeler fjerna eitt tonn med søppel frå Raudøyna i Vilnesfjorden i april i år. No får dei betalt for slitet.

DEL

– Eg fekk ideen frå venninner som hadde samla søppel til ein aksjon, der dei fekk hundre kroner for ein søppelsekk. Eg ville gjere det same, og fekk onkel med på ideen. Men vi bestemte oss for at om vi skulle gjere det, skulle vi gjere det skikkeleg, seier Sofie Krumsvik (15).

Eitt tonn med søppel

Krumsvik og onkelen Edvin Landøy brukte seks dagar på å rydde Raudøyna i Vilnesfjorden fri frå søppel i april. Då dei var ferdige, hadde dei samla inn over eitt tonn med avfall.

FEKK IKKJE LEVERT SØPPELET: Edvin Landøy måtte lagre alt søppelet i sjøbua si før Fjordkysten Friluftsråd utplasserte ein container på Atløy.

FEKK IKKJE LEVERT SØPPELET: Edvin Landøy måtte lagre alt søppelet i sjøbua si før Fjordkysten Friluftsråd utplasserte ein container på Atløy. Foto:

– På strendene fann vi blant anna eit kjøleskap, og grov fram plastflasker frå tiår tilbake, seier Krumsvik.

Det var aksjon plastpant dei var inspirert av. I vår kunne du samle inn ein full sekk med søppel og få igjen hundre kroner. Krumsvik og Landøy var seint ute og pengepotten var tømt då dei skulle levere søppelet dei hadde rydda. Men det fiksa seg, og denne veka får dei igjen ein god slant for slitet.

– Vi får 6000 kroner for søppelet pluss 1000 kroner for utgifter som bensin. Det er veldig gøy, seier Krumsvik.

Raudøyna er freda halve året og Krumsvik trur at det er litt av grunnen for at så mykje søppel vert liggande på strendene.

– Det er gale, for å seie det mildt. Slik burde det ikkje sjå ut, legg ho til.

Miljøaksjonar er viktig for samfunnsengasjementet

Krumsvik meiner at aksjonar som «aksjon plastpant» skaper eit engasjement som får ungdommen til å gå ut og plukke søppel.

– Vi treng meir fokus på miljøet, og denne aksjonen sørger for meir bevisstheit rundt det. Ungdommen i dag er politisk engasjerte og eg trur at engasjementet for miljø berre vil vekse og vekse dei kommande åra, seier Krumsvik.

Søppelplukkinga skapte gode minne

Sjølv om det var trist med alt søppelet på øya, skapte det gode minne for Krumsvik og onkelen.

– Dei seks dagane var veldig kjekke. Vi drog tidleg ut med snekka på laurdagar og hadde med oss mat og drikke. Det var godt å kjenne kjensla av å vere nyttig då vi arbeidde, avsluttar Krumsvik.

Artikkeltags