Sløkte pipebrann på Staveneset

PÅ PLASS: Her er brannvesenet i ferd med å sløkkje pipebrannen.

PÅ PLASS: Her er brannvesenet i ferd med å sløkkje pipebrannen. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

ASKVOLL: Brannmannskap vart fredag sendt ut til ein pipebrann i ei hytte på Staveneset.

DEL

Brannmannskap frå Askvoll vart fredag ettermiddag sendt til ein pipebrann på Staveneset i Askvoll.

Meldinga kom kring kvart over tre, og brannmannskapet var på staden kort tid før klokka fire.

Operatør Kolbjørn Øvrebotten ved Alarmsentralen i Florø fortel at det heile var udramatisk, og at pipebrannen no er sløkt.

– Det var varmgang i pipa. Brannmannskapet har feia og teke ut sota frå pipa, seier Øvrebotten.

Han fortel at eigarane av hytta varsla om pipebrannen. Dei hadde fyrt i pipa tidlegare på dagen, men etter fyringa var ferdig, byrja det på ny å ryke frå pipa. Då varsla dei brannvesenet.

– Brannvesenet har gjort det dei skulle, og har returnert, seier operatøren.

Artikkeltags