Tok beslag av to drivgarnslenker i Askvoll

Artikkelen er over 1 år gammel

ASKVOLL: Statens naturoppsyn har teke beslag på to drivgarnslenker i Flokenes i Askvoll. Lenkene hadde til saman 10 garn, og var meint for laksefangst, melder Vest politidistrikt.

DEL

Drivgarnslenkene vart funne ved Flokenes i Førdefjorden, som er ein nasjonal laksefjord.

– Eg synast det er beklageleg at nokon sett ut garn på denne måten på eit slikt sårbart område. Eg ser alvorleg på det, seier Stig Inge Hauge i Statens naturoppsyn.

Det var fem garn i kvar av dei to lenkene.

– Kvar lenke er om lag 150 meter lange. Når vi fann dei var dei sannsynlegvis nett sett ut, det såg i alle fall slik ut. Dei var reine og hadde ingen fangst, seier Hauge.

Artikkeltags