To til sjukehus for sjekk etter pipebrann

FULL UTRYKKING: Brannvesen, politi og ambulanse rykte måndag ettermiddag ut til pipebrann i Vågane i Flokenes i Askvoll kommune.

FULL UTRYKKING: Brannvesen, politi og ambulanse rykte måndag ettermiddag ut til pipebrann i Vågane i Flokenes i Askvoll kommune. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

ASKVOLL: Huseigar får ros frå brannvesen og politi etter pipebrann.

DEL

Naudetatane rykte måndag ettermiddag ut til ein pipebrann i Kvammen i Askvoll kommune.

– Brannvesenet er framme på staden. Det ser ut som dei har kontroll. Det skal ikkje vere opne flammar, men pipa er veldig varm. Røykdykkarar er inne for kontroll, seier Jørn Gunnar Holvik, vaktleiar ved Alarmsentralen klokka 13.15.

Politiet melde om hendinga klokka 12.42.

Huseigaren oppdaga brannen

Lensmann Åge Løseth fortel at huseigaren var heime og ute på tunet og jobba då han oppdaga brannen.

– Det kan vi vere glade for. Det gjorde at han fekk varsla tidleg. I tillegg fekk han hive vatn på pipa, seier Løseth til Firda sin journalist på staden.

PIPEBRANN: Ifølge Nils Ove Vetti i brannvesenet er ikkje pipebrannar veldig vanleg. – Nokre år rykker vi ut til null, nokre år tre-fire.

PIPEBRANN: Ifølge Nils Ove Vetti i brannvesenet er ikkje pipebrannar veldig vanleg. – Nokre år rykker vi ut til null, nokre år tre-fire. Foto:

Pipa sprakk

Det var ikkje folk i huset då det begynte å brenne i pipa. Ifølge lensmannen har det vore veldig mykje varme.

– Pipa sprakk på grunn av varmen, men brannen har ikkje spreidd seg slik ein først venta, seier Løseth.

Utover røykskader og vatn frå sløkkearbeidet skal det ikkje vere skader på huset.

Skryt over huseigar

Også Nils Ove Vetti, utrykkingsleiar i brannvesenet, skryt av jobben huseigar gjorde.

– Han har gjort ein kjempejobb med sløkking og å få kontroll på brannen. Då vi kom til staden kontrollerte vi og passa på at det ikkje ulma. No ser det bra ut. Hadde ikkje huseigaren gjort det han gjorde så hadde nok brannen spreidd seg, seier Vetti.

GIR SKRYT: Nils Ove Vetti, innsatsleiar i brannvesenet, rosar huseigaren for sløkkejobben han gjorde.

GIR SKRYT: Nils Ove Vetti, innsatsleiar i brannvesenet, rosar huseigaren for sløkkejobben han gjorde. Foto:

Huseigaren og ein nabo som kom for å hjelpe til med sløkkinga er sende til sjukehus for sjekk etter brannen.

– Vi er redde dei har pusta inn mykje røyk, seier Løseth.

TIL SJUKEHUS: Huseigaren og ein nabo som hjelpte til med sløkkinga er sende til sjukehus for sjekk.

TIL SJUKEHUS: Huseigaren og ein nabo som hjelpte til med sløkkinga er sende til sjukehus for sjekk. Foto:

Tips Oss
MMS: FITIPS til 2005 EPOST: redaksjon@firda.no TLF: 57 83 33 33

Artikkeltags