– Alle dei fire er henta ut frå det brennande frakteskipet som har gått på grunn ved Flatøya like utanfor Askvoll sentrum.

– Tre er frakta til Florø med helikopter, ein blir med ein båt til Bergen. Ingen av dei er komne alvorleg til skade. Det kan vere snakk om eit armbrot for den eine, men alle har komme frå det i god behald, seier Ola Vaage ved HRS Sør-Norge.

Redningsaksjonen vart avslutta like over halv to natt til torsdag. Då var båten framleis i brann.

Kystverket tok då over, og var på plass på stade med ein slepebåt.

SISTE: Båten er ikkje lenger i brann torsdag morgon. Det fortel eit augevitne, Steinar Bauge, til Firda. Båten ligg framleis ved Flatøya.

Gjekk på grunn

– Vi jobbar no med å redde dei ut frå båten. Båten ligg og dunkar mot Flatøya utanfor Askvoll, sa Ola Vaage ved Hovudredningssentralen i Sør Norge då.

Svært dårleg vêr vanskeleggjorde redningsaksjonen.

Båten er ikkje synleg frå Askvoll sentrum, men flammane er godt synleg over Prestøya. Flatøya, der fraktebåten har gått på land og teke fyr, ligg like bak Prestøya, sett frå Askvoll sentrum.

Fleire båtar kom fort til staden, både redningsfartøy og andre båtar.

– Det er komme eit helikopter som heng like ved den brennande båten, sa ein firdatipsar klokka 01.20.

– Oi-oi -oi. No blussar det skikkeleg opp, seier tipsaren like etter.

Har du bilde av uvêret eller skadane etter det? Send oss bilde på Facebook eller redaksjon@firda.no!