Slik er Atløysambandet tenkt

Her kan ein sjå bilde av korleis Atløysambandet truleg vil sjå ut. (Foto: Rambøll)

Her kan ein sjå bilde av korleis Atløysambandet truleg vil sjå ut. (Foto: Rambøll)

Artikkelen er over 4 år gammel

ASKVOLL: Plan for Atløysambandet er klar frå kommunen si side. No skal den på høyring.

DEL

Under kommunestyret i Askvoll onsdag, vart det vedteke å legge kommunedelplanen for Atløysambandet ut til offentleg tilsyn.

– Vi har nådd ein viktig milepåle. Det er sjeldan at eg har opplevd eit slikt engasjement. Eg trur instansane rundt oss har venta mykje på desse planane som vi, seier ordførar Frida Melvær.

I konsekvensutgreiinga som er utført av konsulentselskapet Rambøll, er det to tilrådde alternativ for Atløysambandet. Begge alternativa har bru frå Sauesund til Prestøy, og ei bru frå Prestøy til Olset. Skilnaden er seglingshøgda, som er anten 30 meter eller 42 meter. Det billegaste alternativet er det første, som er rekna å koste 550 millionar. Rambøll tilrår å jobbe vidare med lågaste seglingshøgde. Likevel legg ikkje kommunen vekk nokon av alternativa enno.

Ordførar Frida Melvær.

Ordførar Frida Melvær. Foto:

På kommunestyremøtet onsdag vart det diskutert ein del rundt problemstillinga med seglingshøgde.

– Vi må gå vidare med begge alternativa på grunn av uvisse rundt seglingshøgda, forklarer Melvær.

Finare og betre

Problemet med 30 meter er at Kystverket har eit krav om 42 meter seglingshøgde, så kommunen må først sjå om det er mogleg å få godkjent prosjektet med berre 30 meter.

– Eg veit at det lokale ønsket er ei bru på 30 meter, og eg opplever at det er det også hos dei fleste i kommunestyret. Med 30 meter seglingshøgde blir det ei visuelt sett finare bru i fin natur, med mindre inngrep i naturreservatet på Prestøy, seier Melvær.

Her kan ein sjå forskjellen på seglingshøgda frå 30 meter (til venstre) til 42 meter (til høgre). (Foto: Rambøll)

Her kan ein sjå forskjellen på seglingshøgda frå 30 meter (til venstre) til 42 meter (til høgre). (Foto: Rambøll)

Ordføraren seier likevel at den høgste brua kanskje er meir framtidsretta, men argumenta for den lågare er førebels i fleirtal. Den er billegast, har høgst samfunnsøkonomisk nytte, er best med tanke på landskapstilpassing og er best eigna for gang- og sykkeltrafikk.

– Det er ei stor glede at vi kan stå her i dag og legge fram ein delplan på noko som vi har jobba med i tre år. Det har tatt si tid, men totalt sett meiner eg vi har eit godt produkt, seier høgrepolitikar Ole André Klausen.

Kompleks, men kjekk sak

Planen ligge ute til offentleg tilsyn fram til september.

– Vi må vente på eventuelle reaksjonar og protestar, og så vil det avgjere valet vidare. Det er ein politisk prosess som skal vidare gjennom fylkeskommunen, men i dag sluttar eg meg til jubelropa om at delplanen endeleg er ute, seier Melvær, og legg til at dette er ei kompleks, men ufatteleg kjekk sak.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken