Gå til sidens hovedinnhold

Pengedryss over kulturarrangement i Askvoll

Artikkelen er over 3 år gammel

ASKVOLL: Fordelinga av kulturmidlar etter søknad i Askvoll er klar. Av åtte søkarar var det fire som fekk summen dei hadde søkt om, og to som ikkje fekk noko i det heile.

Då fristen for å søke gjekk ut var det komme inn åtte søknader om kulturmidlar. Samla søknadssum var 138.500. Dette var om lag det doble av det kommunen hadde å dele ut, nemleg 70.000 kroner.

Etter at alle søknadane var vurderte vart fordelinga som under. Søknadssum står i parentes.

Atløykoret fekk 15.000 (20.000) i samband med arrangement av songarstemne.

Værlandet bedehusklubb – 0 (1.500).

Askvoll Folkeakademi – 5.000 (5.000) i samband med konsert og framsyning i Bulandet og Stongfjorden.

Askvoll Folkeakademi – 12.000 (12.000) i samband med sankekurs, haust, – og julekonsert.

Indre Sunnfjord trulag, Barnas turlag – 16.000 (16.000) i samband med aktivitetsdagar vår, sommar og haust.

Marie Mjåseth – 0 (50.000) til dans- og ballettskule.

Northwestwood AS – 18.000 (30.000) i samband med kafé, kinoklubb og workshops.

Askvoll Pensjonistlag – 4.000 (4.000) i samband med sommartreff.

Kommentarer til denne saken