– Det er mange måtar å stoppe fjorddeponiet på, og vi lovar å bruke alle!
Det var Venstre-leiar Trine Skei Grandes bodskap til dei mange frammøtte som måndag ettermiddag nær fylte festsalen i Førdehuset. Arrangør var Førde Venstre.
Har strategien klar
– Regjeringas vedtak om å tillate dumping av fjorddeponi av gruveavfall i Førdefjorden var ei dramatisk utvikling i saka, men det er no den verkelege kampen startar, seier Grande.
Ho ser føre seg tre hovudspor for å stoppe fjorddeponiet:
- Regjeringas løyve til fjorddeponi er klaga inn til EUs overvakingsorgan ESA for brot på EUs vassdirektiv som Norge har forplikta seg til å følgje.
- Venstre fremjar saka for Stortinget, og håper å greie å snu Arbeidarpartiet til å vere mot fjorddeponiet.
- Venstre håper på at haustens val skal sikre eit anna politisk miljø i Naustdal, der kommunen kan prøve å gjere grep knytt til reguleringsplanar som kan stoppe fjorddeponiet.
– Vi var i mindretal då vi kjempa for vern av Lofoten og Vesterålen òg, og vi skal vinne denne kampen òg, sa Grande til spontan og langvarig applaus frå dei mange frammøtte i Førdehuset.
Grande fekk òg med seg at det var mange Arbeidarpartipolitikarar til stades, og utfordra dei til å engasjere seg.
Festsalen i Førdehuset var nær fullsett. (Foto: Geir Ivar L. Ramsli)
Utfordra Arbeidarpartiet
– Kampen mot deponi av gruveavfall i Førdefjorden er ei av dei aller viktigaste miljøsakene i moderne tid. No får vi ein test på om Arbeidarpartiet meiner alvor når det er snakk om miljø og berekraftig bruk av naturen. Eller er Arbeidarpartiet skinnheilage i miljøspørsmål? Er miljøengasjementet tomme ord i festtalar? spurde Grande i det ho la til at deponimotstandarane no må stå skulder ved skulder for å hindre at fjorddeponiet vert røyndom.
– Skal Venstre få med Arbeidarpartiet sentralt i kampen mot deponiet, treng vi hjelp frå grasrota i partiet. Alle må samarbeide mot dette felles viktige målet, uavhengig av kva parti vi høyrer til, sa Grande til ny spontan og langvarig applaus frå salen.