Fekk besøk av fugl med genfeil

Denne uvanlege gjesten har den siste tida vore på hyppige besøk i hagen til Vidar i Holmedal.

Denne uvanlege gjesten har den siste tida vore på hyppige besøk i hagen til Vidar i Holmedal. Foto:

Artikkelen er over 5 år gammel

Vidar har aldri før sett ein slik type på fuglebrettet sitt.

DEL

Vidar Eldar Berstad lurte først på om han hadde besøk av ein type fulg han aldri hadde hatt besøk av før då denne dukka opp på fuglebrettet på Hellegjerdet i Holmedal.

– Eg sjekka på nett og i fuglebøker, men fann ikkje noko som likna i det heile teke.

Til slutt tok han kontakt med Norsk Ornitologisk Forening for å finne ut kva for ein skapning det er som dei to siste vekene har dukka opp dagleg for å forsyne seg av maten Vidar serverer.

Svarttrast med genfeil

På epost frå foreininga fekk han til svar at gjesten var ein vanleg svarttrast. Men heilt ordinær var den likevel ikkje.

– Den har eit genetisk avvik, fortel Vidar.

Svarttrasten som har vore å sjå på fuglebrettet hans er nemleg ikkje heilt svart, men spraglete med kvite striper. I tillegg meiner Vidar at den svarte og kvite typen også skil seg frå den vanlege svarttrasten i lynnet.

– Den er mykje tammare enn vanleg svarttrast. Eg kunne gå mykje nærare denne. Men det kan jo gjelde berre akkurat den eg hadde besøk av, seier han og ler litt.

Hyppig hos trast

Han synest uansett at fuglen var eit artig innslag i hagen der han elles har besøk av dei mest vanlege fugleslaga.

– Det plar ikkje vere nokon heilt ekstraordinære typar der nei. 

Morten Ree, organisasjonskonsulent i Norsk Ornitologisk Forening, seier at slike genfeilar er noko som oppstår hos både fuglar og mange andre dyreartar. Spesielt hyppig er det faktisk blant trastar.

– Trastar med kvite innslag er ganske vanleg. Nokre kan ha kvite hovud, andre kan ha kvite flekker, og nokre er heilt kvite, seier han.

Er dei heilt kvite kallast dei som andre dyr albinoar, men når dei berre har innslag av kvitt kallast dei på fagspråkket for leucistiske.

Intelligente dyr

Ree seier at i motsetnad til det Vidar Eldar Berstad har oppleve, er svarttrastar med kvite innslag ofte meir sky enn sine heilt svarte vener.

– Dei kvite skil seg ofte meir ut, og det veit dei ofte om sjølve, seier han.

Han er likevel open for at svarttrasten som har oppsøkt Vidar dei siste vekene kan ha forstått at dei kvite innslaga har gjort den hakket mindre synleg i snøvêret som har regjert den siste tida, og at den difor ikkje var så blyg.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken