Henriettes jul i Holmedal kyrkje

ASKVOLL: Denne veka høyrest det juletonar frå kyrkja og andre øvingslokale i Holmedal. Henriette Hatlevoll sin julekonsert er i rute.

Julekonsert: Henriette Hatlevoll er drivkrafta og arrangør bak den spennande julekonserten i Holmedal kyrkje kommande laurdag.

Julekonsert: Henriette Hatlevoll er drivkrafta og arrangør bak den spennande julekonserten i Holmedal kyrkje kommande laurdag. (Foto: )

DEL

Tilbod: Firda i 5 veker for 5 kroner!

Henriette Hatlevoll står saman med Folkeakademiet som arrangør av julekonserten som skal gå av stabelen i Holmedal kyrkje til helga. Men ho er langt frå åleine. Ho har fått med seg sju andre solistar, fleire kor og eit musikklag, i tillegg til eit husband, der Anton Proskurnin, Ove Mjåtveit og Egil Furnes er med. Når ho gjer noko, gjer ho det skikkeleg.

– Eg synest det er heilt fantastisk med alle musikarar, kor og andre talent som går i hop i julestria og skapar noko fint saman. Det er det vi gjer. Vi skal skape ei god stund, og eg er imponert over kor folk stiller opp, seier Henriette Hatlevoll.

Har jobba sidan august

– Då eg kom heim til Holmedal i 2011, var det mellom anna med eit mål om å vere med å skape liv i bygda mi. Dette med julekonsertar tok til i 2013. Då fekk vi eit tilbod om å ha julekonsert her i Holmedal sidan kyrkja i Askvoll var under oppussing. Vi sette i gang og laga ein flott konsert den gongen. Og sjølv om det ligg mykje arbeid bak, så ville vi gjere det igjen, seier Henriette Hatlevoll.

Ho seier ho begynte å sondere i august.

– Det er viktig å bruke god tid på det kreative, det trur eg er litt av hemmelegheita bak at det gneistrar litt ekstra når dagen endeleg er der. Dette saman med all øvinga saman med husbandet, og den profesjonaliteten på lyd og lys som Richard Herland og Askesus står for, seier Hatlevoll.

Og den store dagen for julestemninga i Holmedal, det er kommande laurdag.

ØVING: Her øver Ann Katrin Høyvik frå Dale saman med Anton Proskurnin.

ØVING: Her øver Ann Katrin Høyvik frå Dale saman med Anton Proskurnin.

Stor deltaking og engasjement

I denne julekonserten er ingenting overlate til det tilfeldige. På lista over dei som er med står, i tillegg til husbandet, Atløykoret, Askvoll musikklag, Holmedal Montessorikor, Jazz Duo og Laetitia. I tillegg er det mange solistar; Frida Herland, Egil Furenes, Erlend Ona Gjul, Kristian England, Ann Katrin Høyvik, Celine Turøy Myklebust, Andrine Bakke og Henriette Hatlevoll sjølv. Og sist, men ikkje minst, Idun Losnegård skal opptre med juleforteljing.

– Sjølve programmet, med kva songar og melodiar som er med, skal vere ei overrasking. Dermed vil eg ikkje røpe for mykje om det. Men eg kan love julestemning. Mykje julestemning, seier Hatlevoll, som også er glad for at ho har fått med seg lokale sponsorar også.

Artikkeltags