– Vi har dessverre ikkje funne årsaka til brannen i krabbefabrikken på Atløy. Difor avsluttar vi etterforskinga og sender saka til Statsadvokaten, seier lensmann Åge Løseth i Gaular, Askvoll og Fjaler.

Statsadvokaten kan då henlegge saka eller beordre meir etterforsking.

Omfattande etterforsking

Det var natt til 31. desember 2016 at krabbefabrikken på Herland på Atløy begynte å brenne.

Brannen blei meldt på morgonkvisten, og naudetatane rykte ut til staden. Delar av bygget blei totalskadd, og naboar måtte evakuerast på grunn av brennbar ammoniakkgass i bygget.

Politiet begynte å etterforske brannen same dag og har halde på fram til dei avslutta etterforskinga no.

– Etterforskinga har vore ein kombinasjon av eigne lokale folk, bistand frå omkringliggande lensmannskontor og teknisk bistand frå Kripos i Oslo, seier Løseth.

– Vanskeleg når staden er nedbrent

Kva veit de om brannårsaka?

– Vi veit at brannen starta i det ytste bygget mot kaia, altså fiskemottaket. Men vi veit ikkje kvifor brannen starta. Det har vore gjort ei omfattande teknisk og praktisk etterforsking. Det har vore 50 vitneavhøyr og staden har blitt undersøkt mange gongar, seier han.

Kvifor er det så vanskeleg å finne ut brannårsaka?

Det var ein veldig nedbrent og øydelagt brannstad. Då er det generelt vanskeleg å finne ei sikker brannårsak. Når du heller ikkje har folk til stades då brannen starta, som kan gje oss noko info å bygge på, då er det vanskeleg, seier lensmann Løseth.

Millionverdiar gjekk tapt i brannen. Dersom Statsadvokaten vel å henlegge saka, betyr det at forsikringspengane vil bli utbetalt etter brannen.

Har avhøyrt nær 40 vitne

Brannen på Herland er framleis under etterforsking