Arctic Mineral Resources (AMR) ankar dommen frå Oslo tingrett. Det stadfestar Nordic Mining i ei pressemelding onsdag ettermiddag.

AMR tapte i slutten av oktober saka mot dotterselskapet til Nordic Mining, Nordic Rutile, i tingretten.

AMR gjekk til sak mot Nordic Rutile for å få ei endeleg avklaring i spørsmålet om kven som har rettane til mineralet granat i Engebøfjellet i Vevring, i område der Nordic Rutile skal utvinne rutil.

Styreleiaren i AMR har tidlegare uttalt at dei er villige til å ta saka til Høgsterett, om naudsynt.