Arrangørar etterlyser forbod mot sommarfestivalar

FESTIVAL I FARE: Malakoff, her eit stemningsbilde frå 2019.

FESTIVAL I FARE: Malakoff, her eit stemningsbilde frå 2019. Foto:

Av

Norske konsert- og festivalarrangørar ber regjeringa legge ned festivalforbod for heile sommaren allereie no.

DEL

– Det er veldig vanskeleg å sjå for seg at vi skal kunne gjennomføre ein festivalsommar sånn som vi pleier, seier dagleg leiar Tone Østerdal i Norske konsertarrangørar til TV 2.

Utan at regjeringa har lagt ned forbod, vil arrangørar som avlyser sitje igjen med det juridiske og økonomiske ansvaret, påpeikar ho.

Regjeringa har så langt bestemt at arrangement er forbodne fram til 15. juni og har varsla ei avgjerd om resten av sommaren seinast i første veka av mai. Men det er for lenge å vente, meiner Østerdal. Ho hadde onsdag eit møte med kulturminister Abid Raja (V) og bad han ta avgjerda om å forlenge forbodet alt no.

– Det renn ut titals millionar kulturkroner kvar einaste dag, medan vi går og ventar på langtidsavgjerder for sommaren, seier Østerdal.

(©NPK)

Artikkeltags