– Tenk kor mange ambassadørar for Førde som står bak ein skranke, i ein resepsjon eller bak eit ratt, seier Odd Erik Gullaksen.
Den nye konferansen har program både dag- og kveldstid på torsdag, og skal gå føre seg i Sunnfjordsalen på Scandic Sunnfjord Hotel & Spa.
Det er FINS (Førde industri- og næringsskipnad) som arrangerer konferansen.
Mål: Ta vare på tilsette og kundar
– Kor kom idéen frå?
– Vi er jo mange som jobbar med dette. Det starta med at fleire i bransjen snakka om at vi burde hatt ein slik konferanse, seier Anne Karin Steen.
Ho er senterleiar ved Elvetorget, og var den som tok initiativ til å gjere alvor av snakket.
Over 300 personar har meldt seg på, noko arrangørane er nøgde med som førsteårspåmelding. Nokre av temaa er leiarrolla, rekruttering og kundebehandling.
På dagtid er programmet via mest til leiarar i bransjen, og då er fokuset på rolla dei har.
– Det er mange unge som kjem inn i bransjen. Dei er enormt viktige! Dei treng god opplæring, og det er viktig at dei blir tatt imot på ein god måte, og at dei får det rommet dei treng, seier Trond Valaker, som er salsleiar ved Sparebanken Sogn og Fjordane, som er med å sponse konferansen.
Valaker har lang erfaring frå salsbransjen før han vart bankmann, og minnest enno ein gong han som 15-åring fekk i oppdrag å stemple flest mogleg brosjyrar.
– Det var andre tider den gongen, ler han, og legg til med ei meir alvorleg mine:
– Men vi må gi ungdommen ordentlege utfordringar!
På kveldstid handlar konferansen meir om å møte kundar, og gi dei gode opplevingar slik at dei har lyst til å komme tilbake. Desse føredraga er mest aktuelle for dei tilsette som jobbar direkte med kundar, altså alle som sit i ein resepsjon, bak ein skranke, bak eit ratt eller som vandrar i ein butikk og betener kundar.
Ein av fire som jobbar i bransjen
113 ulike bedrifter er representerte av dei som har meldt seg på konferansen, frå butikktilsette til restaurant- og skrankepersonell. Arrangørane understrekar at konferansen er like mykje for servicebransjen som salsbransjen.
I så fall har dei ei solid målgruppe å ta frå. Det er nemleg 24,3 prosent av dei sysselsette i Sunnfjord som jobbar i dette segmentet, seier Gunn Merete Paulsen, advokat i PricewaterhouseCoopers (PwC).
– SSB er vår kjelde. Bygg- og anleggsbransjen driv serviceyting, men vi har tatt dei vekk frå talet. Vi har også tatt med pendlarar som ikkje bur i Sunnfjord, men er sysselsett her. Vi tenker det talet vi får då, er det mest interessante.
12.429 personar er sysselsett i Sunnfjord kommune, i alle slags bransjar. Med PwC sin definisjon på sal og servicetilsette blir det då cirka 3100 personar som jobbar med dette i kommunen.
– Dei fleste av desse jobbar i Førde, seier ho.
Les også om Heilekonferansen, som har blitt arrangert to gonger i Førde:

No startar Heilekonferansen: Stine (40) og Monica (26) fann mingletonen allereie før programmet starta

Silje (42): – Første gong eg grin på konferanse

Frøydis si tolking av Sunnfjord prydar heile hotellveggen
Andre saker:

– Heilt topp å kunne gå til ein slik jobb i Florø

– Landbruket bidreg til tusenvis av andre arbeidsplassar
