Førdefestivalen er blant dei nominerte til «Årets folkemusikkarrangør 2017».

Prisen blir delt ut under Folkelarm 2017 den 18. november på Riksscenen i Oslo.

Utdelinga er årleg, og blir gjort av interesseorganisasjonen for folkemusikk- og folkedans i Norge, FolkOrg.

Prisen blir tildelt folkemusikkarrangørar som på kvart sitt vis har utmerka seg spesielt, og i år går prisen til ein arrangør som har synt evne til å skape interesse og entusiasme for dansen og musikken gjennom gode arrangement.

I tillegg til Førdefestivalen, er Heme Dine og Storefjelltreffen nominerte.