Glopperock søker pengar til ny festival

NY FESTIVAL: Glopperock rockar snart igjen. I august er det duka for ny festival. Her frå 2013 då El Cuero rocka på Heradsplassen.

NY FESTIVAL: Glopperock rockar snart igjen. I august er det duka for ny festival. Her frå 2013 då El Cuero rocka på Heradsplassen. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

GLOPPEN: Norges eldste rockefestival søker pengestøtte til ny festival i august.

DEL

Heilt sidan oppstarten i 1980 har festivalen samla tusenvis til Sandane under Glopperock. Trass i fleire turbulente år med dårleg økonomi, er festivalen framleis oppe og går, og i august er det altså duka for ein ny festival.

Søker 60.000 kr 

Festivalsjef Remi Tystad søker kommunen om 60.000 kroner til årets festival, som er tenkt å gå av stabelen torsdag 23.- 25. august i Trivselshagen. Han søker samstundes om tilskot til andre arrangement i Gloppen på vegner av Gloppen musikkforum, som står bak festivalen.

Torsdagen er planen å ha ein ungdomskonsert med lokale, regionale og nasjonale artistar/band, medan fredagen vil Glopperock ha konsert med eit nasjonalt pop/rock-band og ein lokal artist. Ifølge søknaden blir festivalen avslutta laurdagen med konsert og fest i klubblokale på Sandane dersom dei får lokale som stettar dagens publikumskrav.

Ungdomskonsept nytt av året

Nytt av året er ein ungdomskonsert i Trivselshagen med fri aldersgrense der målgruppa er born og unge, heiter det i søknaden.

Glopperock starta i 1980 og er ifølge søkarane landets eldste rockefestival.

– Det er svært stor økonomisk risiko ved eit slit konsept som Glopperock, skriv festivalsjefen, og legg til at budsjettet balansere på om lag 450.000 kr i totalomsetning. 

Omsetninga frå fjorårets festival der 500 var innom, var på 251.080 kroner og med eit overskot på 36. 622 kroner. 

Fekk nei frå Sandanedagane og rektor

Glopperock fekk trøbbel under fjorårets festival. Intensjonen var å arrangerer ein stor utekonsert på Heradsplassen laurdag kveld med CC Cowboys og Stavangerkameratane, men dette fekk dei ikkje løyve til av Sandanedagane.

I aulaen ved Firda vgs. fekk dei ikkje løyve frå rektor til å ha alkoholservering. I årsmeldinga til festivalen, som ligg vedlagt søknaden til kommunen, står det at Festivalforum Gloppen har teke opp denne saka med kommunen på vegner av alle festivalar. 

Artikkeltags